"Øh, fordi i lika å vær ma ungdoma!" Eg er vand med å vere førebudd på ting eg skal seie, og når eg fikk dette spørsmålet visste eg pluteslig ikkje heilt kva eg skulle svare. Det er liksom pinlig når du ikkje kan svare på kvifor du vil jobbe i kirka, når ein så gjerne ønskjer å gjere nettop krika meir attraktiv for ungdomar og folk flest. Kva er det som får ei jente i sin beste alder til å bruke eit år i kyrkja, i ein bygdekommune på Nordvest-landet, utan timelønn og ingen studiepoeng ved slutten av semesteret?
Det var ein av konfirmantane som overraska meg med dette spørsmålet, mens vi såg film under juleavslutninga. Eg skulle så gjerne hatt eit "kult" svar på lager, som fikk han til å tenkje "kult at du jobbar i kirka", men det hadde eg ikkje. Svaret mitt var forsåvidt sant, fordi eg likar å vere med ungdomar. Men det er ikkje hovudgrunnen. Det er Gud som har leda meg hit eg er i dag. Eg trur tross alt at Jesus er verdas frelsar, og at det ikkje fins nokon anna veg til det verkelege livet. Alle svara ligg hos Han, som er vegen, sanninga og livet. Det har eg erfart, og det set eg all mi lit til. Det var Han som starta ein brann i hjarte mitt, ein djup lengsel etter å sjå andre menneske få møte Gud. Kvifor svarte eg ikkje berre "jau, no skal du høyre, eg jobbar i kirka fordi Jesus er det beste som har hendt meg". Det kunne kansje skapt ein viss trang til å stille flerie spørsmål. "Hæ? Kva meinar du med det?" Eller så hadde han kansje rista på hovudet og tenkt "freak!". Uansett hadde det vore meir sant enn at eg likar å vere med ungdomar. Jesus har gitt meg hjarte for ungdomane, som eg ønskjer å formidle verdas viktigaste bodskap til; at dei er elska av Gud, og at han så gjerne vil vere med i livet deira!
It's all because of Jesus






